Myrtle Beach





Les om mitt liv som utvekslingsstudent :D














No er track over. Hadde mitt siste stevne forgje fredag, og tysdag hadde me ein avslutningsmiddag. Det var veldig koseleg. Det er rart å ikkje ha trening kvar dag etter skulen, men det er også godt å ha meir tid.
Her er eit lagbildet av track teamet!






Etter bildene reiste allesammen til ein restaurant for åt ete middag. Deretter reiste me til paraden der alle para gjekk inn medan foreldre m.m. såg oss gå inn til sjølve lokalet me skulle vere. Alt var skikkeleg stilig pynta, i matlokalet var det sjokoladefontener med friske jordbær som kunne dyppast. Det var også cocktail fontener + masse anna god fingermat. I rommet vedsidan av var det ein DJ, og masse dansing. I tillegg var det senior garden, ein hage me kunne gå ut i for å trekke litt frisk luft. Her var det eit live band som spelte. Alt var skikkeleg bra gjennomført!
Etter prom reiste me nokon folk til ei venninde, ein kjekk avslutning på den store dagen som absolutt levde opp til forventningane.












Etter mange dressar av og på, fargar, utsjånad, størrelsar, prisar og vurderingar falt valet på ein blå kjole. Den er lang, stropplaus, elegant og ganske enkel. Eg er veldig fornøgd! Jenta som hjelpte meg i butikken sa ho aldri hadde sett ei jente som smilte så masse som meg. Frå første steg inn i butikken var eg så ?høgt oppe?. Eg var så happy og excited. Det er jo ikkje kvar dag ein handlar kjole til prom. Bilde av kjolen får dikka venta med til "den store dagen"...

17, Leikanger
Her kan du lese om livet mitt som utvekslingssstudent i West-Virginia, USA. Følg med!